«Firmaet Maritime Engineering utfører alt av teikning og berekningsarbeide samt spesifikasjonar som er nødvendige for både nybygg og ombygging av eksisterande fartøy. Dei gjer og inspeksjonar i samband med verkstadopphald og /eller overtaking av fartøy.» Sitat frå heimeside.
Logo. Det handlar om identitet. Det handlar om blikkfang i søkefasen. Logoen gjev bedrift og organisasjon eit profesjonelt uttrykk, og sørgjer for gjenkjenning i vidare samhandling med kundane.
Ein logo skal presentera føretaket på ein god og treffande måte. Den skal vere gjenkjenneleg, og gjenspegle firmaets identitet. Farge, illustrasjon og tekst skal harmonere med forretningsmål og ideologi. Enkelt sagt: Ein bør ikkje ha ei raud rose i logoen berre fordi ein likar raude roser – .
Første inntrykket er viktig, og uttrykket skal så langt som råd vera tidlaust.
Ein god profil har høg identifiserings- og gjenkjenningsfaktor. På porteføljesidene kan de sjå nokre av dei logoane eg har tilverka. Forhåpentlegvis vil de og få ein idé om kva føretaka driv/dreiv med...
Logoen er den første gjenkjenningsfaktoren. Firmaprofilen går att på produkt, trykksaker, kontormateriell og reklame-dibeduttar.
Z punktum kan i tillegg til profilering levere det meste av firma- og reklamemateriell gjennom gode samarbeidspartnarar.
Tørre fakta for særleg interesserte.
Ein firmaprofil skal spegle forretningsforetaket og gjere det lett gjenkjenneleg for kundar og søkande. Profilen skal vere tydeleg og talande. Oftast nytter ein form og fargar som symboliserer verdiane, arbeidet og/eller varene firmaet leverer.
Logoar finnast i 7 ulike kategoriar:
Abstrakt merke, Maskot logo, kombinasjonsmerke, Emblem logo, Bokstav merke, Billed logo, Ord merke.
Skissene startar oftast som detaljerte illustrasjoner over gjenkjennande effekter, for deretter å bli stilisert slik at kun fargar og foreinkla symbolikk står att. Symbol og farge i profil bør vere fast og ungå eit «motepreg» som vil gjere den utdatert etter eit par år.
Levetid. Ein logo reknast å ha ei levetid på 10 år +. Ein godt innarbeidd logo vert skjeldan endra før tilbod og forretningsidé også vert vidareutvikla. Tidlegare var det viktig at logoen fungerte tilsvarande i svart/kvit. Dette med tanke på telegram, avisannonser og fax. Avisannonsene i dag vert like gjerne trykt i fargar då prisforskjellen ikkje lenger er markant. Elektroniske løysingar har erstatta telegram og fax, og dermed gjort svart/kvit versjonen unødvendig også der. Nokre vel likevel å ha ein svart/kvit versjon for kunne nytte stempeleffekten i ulike høve.
Unnatak. Også her finst det unnatak. Forlag har ofte ein firmalogo – eit symbol – med fast form, gjengjeve i ulike farge på bøkene dei gjer ut. Dette for at logoen fint skal gli inn i bokdesignet og ikkje ta fokuset bort frå tittel og bilete på omslaget. Første inntrykket i hylla er viktig, og bør vere «reint».
Eit anna unnatak er festival- og arrangementslogoar. Her går ofte tema og form att, medan farge og teknikk endrar seg frå år til år – som eit gjennomgangs-stempel med eit unikt preg for nettopp dette året (og dette årets tema).
Det viktigaste er at firmaet kan identifisere seg med logoen (trivast med den) og at kunden lett kan gjenkjenne bedrift – produkt – arrangement når dei ser logoen.
Kva kundar og innomstikkarar tenkjer neste gong dei ser logoen, og kva dei fortel vidare, avheng av den profesjonalitet og sørvis dei er møtt med i kontakt med firma, sørvisinstans og seljar.
Vi hjelper deg gjerne i gang.
Lukke til!