Marknadsføring for små og mellomstore bedrifter
Hindenes Urtehage var ein av mine aller første kundar. I over 20 år har dei drive økologisk gardsbruk der dei dyrka ulike urter, bær og plantar som vart brukt i te- og krydderblandingar. Dei hausta og tørka sjølv urtene og fekk retten til å bruke det anerkjente Øko-merket på alle produkta sine.
Trykk. Eg fekk vere med i prosessen heilt frå starten av. Idé, profil (logo), pakning og etikettar, marknadsføring og presentasjonsmateriell for stand på Bondens marknad.
Sidan har det blitt mange like spennande (få like fargerike ; ) oppdrag der eg har fått følgje kunden frå idé til ferdiggjering.
Reklamemateriell. Z punktum kan i tillegg til profilering levere det meste av firma- og reklamemateriell gjennom gode samarbeidspartnarar.
Reklametekst, tekstredigering og oversetting
Bolga Brygge ønska å legge betre til rette for turistar på Øya. Korleis kunne vi på ein enkel måte gjera alle dei unike og flotte opplevingane som øysamfunnet vårt har å tilby meir tilgjengelege for besøkande…
Vi sette oss ned og hadde ein artig idédugnad. Eg drodla eit kart over Bolga og plasserte inn turstiar og attraksjonar etterkvart som samtalen gjekk. Resultatet vart eit kart med oversikt over historisk løype, topptur og opplevelsar. Her er avmerka butikk, ekspedisjon, treningsrom, museum, badestrender, rasteplassar og andre tilbod med ein liten forklarande tekst på sida. Vi vart einige om å behalde eit teikna kart, og utvikla idéen vidare utifrå dette.
Kartet kan du få med norsk, engelsk eller/og tysk tekst.
Lokale translatørar oversatte tekstane til tysk og engelsk, og kartet kan no hentast på biblioteket i Ørnes, hjå handelsmannen på Bolga og sjølvsagt på Bolga Brygge! Eit absolutt must når du skal besøke Bolga for ein dag eller ti – om eg må seie det sjølv ;-)
Merkevare – din eigen profil
Her kan ein få utført det grafiske arbeidet med profileringa:
Embalasje, varemerker, etikettar, menyar, visittkort, konvolutter, rekvisitter med trykk, brosjyrar, rapportar, banner osb.
De få tilsendt ferdig materiale frå vår dyktige samarbeidspartner innan trykktenester, eller velje å nytte eigne leverandørar.
______________________
«Bunad er Noregs «nasjonaldrakt». Med ei innhaldsrik historie har drakta overlevd til i dag, og Kleopatra Bunadsaum er oppteken av å føra denne tradisjonen vidare. I 25 år har dei sydd og levert dame-, herre- og barnebunader.» Sitat frå heimesida.
Kundeportefølje
Kleopatra Bunadsaum
Silver of Norway
Eikanger Hagesenter
Hindenes Urtehage
Dyrdal gardsmat
Fammestad Agro
NHKG skole
Fosse Bruk
La Vita é Bella
Nordea (avd Knarvik)
Bassengbygg
Hobbybutikken
Marihøna Barnehage
NH Bibelsenter
Lita Go' familiebarnehage
Maks – arbeidsform
SIMO drift
Bolga Brygge
Vestbok
Salong 44
Regionrådet Hord.
Mongstad Vekst
Mongstad Næring.
Alversund Kyrkje
Meland Kyrkja
LOB bibelskole
Min Engel
Elsås Gård
Sambåndet forlag
Dyrkolbotn Fjellstove
Bolga Padlefestival
BolgArt (BGU)