«Litterær kommentarbok av Odd Sverre Hove for Sambåndet forlag og Dagen.»
Det viktigaste for å oppnå suksess med ei bok er sjølvsagt innhaldet! Å fange og fenge lesarane er det store målet. Men utan gode bokmeldingar og god marknadsføring vert det vanskeleg sjølv for den mest engasjerte lesaren i det heile å finne boka di.
Boksetting: Å presentere kapitteloversikt, tekst og avsnitt på ein luftig og god måte som gjer innhaldet lett og lesarvenleg. Dette er viktig for bokopplevinga. Dei fleste kjenner vel til klassikarar der teksten er trykka i så lita og tett skrift at ein mest treng forstørrelsesglass for å skilje linjene.
Du må sjølv gjer historia interessant, men vi hjelper deg gjerne med å gje den eit stilreint uttrykk i tekst og illustrasjon, og slik sørge for at boka vert flott og lesarvenleg.
Bokomslaget bør spegle innhaldet og gjer kunden nysgjerrig. Gjennom åra har eg laga layout og omslag til bøker av både kjente og mindre kjente forfattarar.
Diktbøker, billedbøker, humorhefter og romanar – har eg fulgt frå formgjeving til utgjeving – frå idé til ferdig trykk – både på etablerte og på private (eigne) forlag.
På eige forlag
«Albumblad» av Anna Maila Lyngøy
Anna Maila Lyngøy er ei av dei som har gitt ut bøker på eige forlag. Fem bøker har det blitt. Bøkene er rikt illustrerte med bilete og illustrasjonar. Den første boka, Kvardagstankar, vart tidleg utseld, men nokre av dikta kan ein finne att mellom permane i den siste – «Albumblad». I denne boka kombinerer Anna dikt og historier frå eigen barndom – mellom anna frå krigens dagar. Det er berre å spørje etter boka i din bokhandel.