Z punktum er eit enkeltmannsforetak som held til på Bolga – ei øy nord på Helgelandskysten. Frå eit lite kontor på denne vakre utposten, arbeider eg med firmaprofilering og tekstbearbeiding. Her vert det skrive, redigert og oversatt reklametekstar – formgjeve bøker, designa omslag, laga visittkort, brosjyrar og andre trykksaker. I samarbeid med translatørar og trykkeri kan vi tilby det meste – frå idé til ferdig produkt.

Sjefen sjølv er utdanna grafisk designer, reklamekonsulent og reklametekstforfatter. Eg er elles kreativ, løysingsorientert, nytenkande, oppfinnsam, optimistisk, – og ein smule distré.

IDfix design. I 20 år har eg drive eit lite reklamebyrå med trykking av alle typar marknadsmateriell i små opplag, som nisjeprodukt. I tillegg arbeida eg for ulike redaksjonar som frilansar og deskjournalist/vikar. For ei tid sidan vart firmaet lagt på is, og etter nokre omvegar i livet er eg no klar for å satse på nytt. Utav dette kom «Z punktum». 

Målet er å nå både innovatørar og etablerte som er klare for å tenkte nytt. Dei som har ein draum – ein tanke – ein plan om å starte eige foretak, utvikle firmaet sitt – eller og å gje ut bok. Her kan eg vere til hjelp. 

Innimellom lyt ein sette punktum før ein kan starte eit nytt kapittel, og følgje draumane.
Ta gjerne kontakt for ein kreativ prat!

Jorunn A. Sagstad
Innehavar og sjef i Z punktum
Back to Top