«I belong to the lord»
Songtekstar: Frå tid til annan skriv eg tekstar for ein kjent komponist i Bergen. Sangane vert tilrettelagt for kor og framført på ulike arrangement. For nokre år sidan kom fire av sangane mine med på ein CD som akapellagruppa VOX gav ut. Her kan du lytte til ein av sangane, arrangert av Torbjørn Daleng.
For private lagar eg viser og songar i samband med konfirmasjon, åremålsdagar og bryllaup.
Noveller
Kvart år gjev Skriveakademiet ut ein antologi. I to av desse har eg fått med eigne noveller – «Lysmannen» i Tidsvitne, og «Månemenn» i samlinga «Kjærlighet i koronaens tid». Bøkene finn du i bokhandelen.
Gjennomlesing, tilbakemelding og språkvask
Eg har også fått tillit til å lese gjennom andre sine tidlege skriverier – dikt, noveller og romanutkast, og gjev då ei personlig tilbakemelding. Det har vore interessant og artig, og er noko eg gjerne gjer igjen.