«Firmaet Maritime Engineering utfører alt det tegne og beregningsarbeidet samt spesifikasjonar som er nødvendige i forbindelse med både nybygg og ombygging av eksisterende fartøy. De foretar også inspeksjoner i forbindelse med verkstedopphold og/eller overtakelser av fartøy.»

Logo. Det handlar om førsteinntrykket i søkefasen – gjev ein trygg følelse av profesjonalitet og sørger for gjenkjenning i vidare samhandling.
Ein logo skal presentere foretaket på ein godt treffande måte. Den skal vere eit gjenkjenneleg blikkfang, og gjenspegle firmaets identitet. Farge, illustrasjon og tekst bør harmonere med forretningsmål og ideologi. 
Enkelt sagt: ein bør ikkje ha ei raud rose i logoen berre fordi kona likar raude roser – .

Nye kundar vil gjerne identifisere tilbod og bransje ved hjelp av kombinasjonen – namn og symbol – i logoen. Første inntrykket er viktig, og uttrykket skal så langt som råd vere tidlaust.
  
Ein god logo har høg identifiserings- og gjenkjenningsfaktor.

Logoen er den første gjenkjenningsfaktoren. Firmaprofilen går deretter att på  produkt, trykksaker, kontormateriell og reklame-dibeduttar.

Tørre fakta om prosessen for særleg interesserte.
Ein firmaprofil skal spegle forretningsforetaket slik at det er lett gjenkjenneleg for kundar og søkande. Profilen skal vere tydeleg, talande og beskrivande. Oftast nytter ein form og fargar som symboliserer verdiane, arbeidet og/eller varene firmaet leverer. Skissene startar oftast som detaljerte illustrasjoner over gjenkjennande effekter, for deretter å bli stilisert slik at kun fargar og foreinkla symbolikk står att.

Logoar finnast i ulike kategoriar
Mono, etikett, 

Ein logo reknast å ha ei levetid på 10 år +. Ein godt innarbeidd logo vert skjeldan endra før tilbod og forretningsidé også vert vidareutvikla. Tidlegare var det viktig at logoen fungerte tilsvarande i svart/kvit. Dette med tanke på telegram, avisannonser og fax.  Avisannonsene i dag vert like gjerne trykt i fargar då prisforskjellen ikkje lenger er markant. Elektroniske løysingar har erstatta telegram og fax, og dermed gjort svart/kvit versjonen unødvendig også der. Nokre vel likevel å ha ein svart/kvit versjon for kunne nytte stempeleffekten i ulike høve.
Symbol og farge i profil bør vere fast og ungå eit «motepreg» som vil gjere den utdatert etter eit par år. 

Også her finst det unnatak. Enkelte forlag har firmalogo – eit symbol – med fast form, gjengjeve i ulike farge på bøkene dei gjer ut. Dette for at logoen fint skal gli inn i bokdesignet og ikkje ta fokuset bort frå tittel og bilete på omslaget. Første inntrykket i hylla er viktig, og bør vere «reint». 
Eit anna unnatak er festival- og arrangementslogoar. Her går ofte tema og form  att, medan farge og teknikk endrar seg frå år til år – som eit gjennomgangs-stempel med eit unikt preg for nettopp dette året (og dette årets tema).  
Det viktigaste er at firmaet kan identifisere seg med logoen (trivast med den) og at kunden lett kan gjenkjenne bedrift – produkt – arrangement når dei ser logoen. 
Kva kundar og innomstikkarar tenkjer neste gong dei ser logoen, og kva dei fortel vidare, avheng av den profesjonalitet og sørvis dei er møtt med i kontakt med firma, sørvisinstans og seljar. 
Vi hjelper deg gjerne i gang. 
Lukke til!
Back to Top